Reiseinformasjon til Vindafjord
Vindafjord kommune i Rogaland, midt mellom Haugesund og Sauda. Enklaste veg for dei som kjem nordfrå Bergen eller sørfrå Stavanger er å følgja E39 til Våg i Tysvær og følgja E134 til Skjold, Vats eller Ølen.
Dei som kjem over Haukeli følgjer E134 til Ølen, tar av til venstre på Rv. 514 til Sandeid og fortsett på Rv. 46 til Vikedal.
Dei som kjem over Hardangervidda følgjer Rv. 13 forbi Odda til Skare og fortset på E134 mot Ølen.
Det går også hurtigbåt frå Stavanger til Vikedal og Sandeid i helgene.
Frå Bergen og Stord går det hurtigbåt til Ølen, som korresponderer med buss til Imsland
www.tide.no og www.kolumbus.no.