Bading og snorkling i Vikedalselva

Er ei flott oppleving i dei mange naturskjønne kulpar. Vikedalselva har god sikt, og tar ein med seg snorkelutstyret kan ein oppleve å sjå laksen på nært hold. Det finnes også ein god del ål i nedre del av elva som er lette å få øye på.
Av badeplassar her er det verd å nemne Prestaneset, Jentehølen, Ørneshølen, Årekol, Låkafossen (i kulpen nedanfor fossen), Birkeland og nordre enden av Fjellgardsvatnet. Ver spesielt varsam på at det kan til tider vera sterk straum i deler av elva.
Badegjestene må vise omsyn til laksefiskarane. Det er ikkje lov å bade i nærleiken av dei, viss de fisker!