Fiskevatn

Fjellgardsvatnet
Største fiskevatn i Vikedal. 3,5 km langt og 115 meter på det djupaste.
Fin aure og røyr. 150 gr - 5,5 kg. Lettest å fange små fisk.
Det er lov å fiske med garn.
Fjellgardsvatnet ligger øvst i Vikedalsdalen. Følg skilta til Roaldkvam, ca 12 kilometer frå sentrum. Det er fint å sykle opp til Fjellgardsvatnet. Fiske i Fjellgardsvatnet er fint å kombinere med tur nr. xx til Bjørnstigen eller Låkafossen
Fiskekort og båtutleige: Geir Torkel Roaldkvam tlf:47843289,
Fiskekort: Joker Vikedal tlf: 52760178
Andre vatn
-
Grunnavatnet: Mykje små fisk
-
Krossvatnet: Mykje små fisk
-
Djupatjørn: Mykje små fisk
-
Flåtavatnet: Har vore eit særs godt vatn. Kvaliteten har gått noko ned, men ein kan fortsett få fin fisk.
-
Risvatnet: Her er det stor fisk, men vanskelig å få.
-
Halsvatnet: Kan vere fin fisk her.
-
Mørkavatnet: Her kan du få fisk på 100 - 500 gram. 30% er røde i kjøttet.
-
Longavatnet: Her er det fisk på over 500 gram. Røde i kjøttet.
I disse vatna er det ikkje krav om fiskekort.